«Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen» av Ingunn Røyset

Dei et ikkje sjokoladepåleggLesetips i Sommaren:

Hovudpersonen er 9 år gamle Dagny. Dagny er ei jente som er blitt mobba på skulen og som er einebarn. Dagny er både modig og klok, men kan og bli sint og lei seg.

I boka møter du og: dei omsorgsfulle og snille oldeforeldra til Dagny, den sjenerte og litt tøffe vennen til Dagny Kalla, Bestevenen Belinda og hennar hemmelege far Adolf, den frekke og kloke naboen til Dagny Fina, den verkelege mora og faren til Dagny, den sinte gubben Banna Bjønn, Eljas faren til Kalla og hans kone Soffi.

Dagny havnar på mystisk vis tilbake i krigen. Der møter ho dei gamle oldeforeldra som nå er blitt foreldra hennar, og dei strenge og uhøflege naboane. I denne historia blir Dagny med på både truslar og panikk. Ho kjem opp i vanskar med den engelske soldaten og faren til Belinda, og ho blir utsatt for både knalltøffe forhold og ein helt anna verden i forhold til 2016.

Boka passar for born frå 9-12 år,  både gutar og jenter.

Eg tykkjer denne boka var veldig gøy. Den var litt « treig» i starten men blei kjempe spennande etter nokre kapittel. Den er både lærerik og gøy og gir deg eit innblikk i korleis krigen var for ei ung jente.

Anne 6.kl Åseral skule

 

Dette innlegget ble publisert i Anbefalinger, Barn og unge. Bokmerk permalenken.